tirsdag 12. november 2013

Englebarn

Dette er 1. kapittelet av innholdet til bokomslaget vi lager på skolen.

 Kapittel 1:

Døra gjekk opp og ei lita jente med blå hette og paraply kom til synes. Ho hadde brune auge og kraftige augebryn som nesten løp saman over nasen. Ein spiss hake og raude kinn. Jenta var kald. Eg flytta meg til side og ga teikn til at ho var velkomen inn. Dei små mørkeblå støvlane som ho hadde på seg, surkla når ho trakka sålen ned i tregolvet vårt. Ho var gjennomvåt. Regndråper trilte av skuldrane hennar og ned på golvet. Det hadde sikkert vore ein lang reise. Mor og far kasta seg ned trappa og ut i gangen. ”Velkommen kjære deg!, har du hatt ein fin reise?” Jenta nikket sjenert og forvirra til mor. ”Kom så skal vi få på deg nokon tørre kler.” avbryter far. Eg tar ein siste kikk før dei forsvinner inn i stua.

Eg var redd. Det var skummelt å tenke på at ein heilt ukjent person kunne bli systera mi bare sånn rett over natta. Ho som sat i andre enden av rommet, borte i den nye skinnsofaen, min nye syster. Det såg ut til at ho hadde mange nye inntrykk å fordøye. Eit heilt nytt hus, og ein heilt ny familie. Eg kan ikkje akkurat seie at eg er så mesunneleg, eg har jo tross alt vore gjennom det same, og det var en ganske skremmande ting. Men eg har det mykje betre nå enn eg hadde det før. Det er hvertfall heilt sikkert!

”Skal du ikkje gå bort og helse på Irina, Mari?”
”jo, men ikkje helt enda”
Mor såg på meg med spørjande auge. ”Er alt bra?”
”ja, men eg veit ikkje heilt kva eg skal seie”
”Du kan jo spørje om ho vil spele eit spel?”
Eg sukka, og mor forstod kvar eg ville med det, og forsvann inn i kjøkkenet igjen.
Alt var så rart.

1 kommentar:

  1. Hei, Marte!
    God inngang! Fint om du kunne hatt med bilde av framsida du laga. Då ville innlegget totalt frastått som ein samansett tekst.

    SvarSlett